Stikonferansen

Sti som kvalitet – Odd Inge Vistad

Sti som kvalitet – Sti som utfordring

Odd Inge Vistad, NINA

Visse eigenskapar ved stien er (nesten) eintydig positive, andre kan vere tvitydige og diskutable, og atter andre nesten berre negative.

Denne variasjonen er der nok delvis fordi «Ein sti er så mangt». Og derfor: Vi kjem ofte rundt, eller kan leve med, mange sti-utfordringar nettopp fordi ein sti kan ha så ulik utforming, formål, lokaliseringar, og ofte er ulike ulike behov og brukargrupper. Når eg her brukar ordet ‘sti’ så siktar eg ofte til dette mangfaldige og varierte. Slik sett er stien – utan konkurranse – den viktigaste (= mest brukte) tilrettelegginga i norsk friluftsliv, og slik sett avgjerande viktig for bruk av nærmiljøet og samlar det meste av ferselen i skog og fjell. Men av og til er ikkje eingong stien ‘lagt til rette’, den har berre utvikla seg gjennom folks eller dyrs repeterande bruk, og like fullt kan den vere viktig for friluftslivet. Meir trakk og bruk held stien ved like; og tvert imot: når det ikkje blir trakka, ridd eller sykla lenger så gror stien til. Slik viser, eller gøymer og gløymer stien ei brukshistorie – ikkje berre knytt til friluftsliv, men til ferdsel, kommunikasjon og t.d. landbrukshistorie.

Å vedlikehalde ein sti kan vere viktig kulturminnevern. Å la stien gro til kan vere viktig naturvern. Å vedlikehalde og forsterke stien kan også vere viktig naturvern, i tillegg til å styrke ein bruksfunksjon. Stien er der fordi den er funksjonell, men stien er der også for dei som ikkje vil ha stien, eller ikkje ha han DER eller PÅ DEN MÅTEN. Interesser kan stå imot kvarandre, og gjerne står brukarinteresser mot vern. For å takle konfliktar mellom ferdsel og såkalla ‘sensitive einingar for dyre- og planteliv’, er det no utvikla gode modellar. Men tiltaka krev lokal tilpassing og passar ikkje like godt for alle naturtypar. Gode løysingar krev godt samspel mellom partane og gode verkemiddel i forvaltninga.

Det kan også ligge moglege sti-konfliktar mellom ulike brukarinteresser. I utbygde strandsonar går stien inn i balansen mellom privatlivets fred og allmenn tilgang. Spesielt interessant på STI-konferansen er truleg forholdet mellom ulike brukargrupper på stien, og ikkje minst knytt til temaet Opparbeiding og forsterking av stien og stibanen. Bakgrunnen kan vere både å betre funksjonaliteten for brukarane, og å styrke kanaliseringseffekten av stien (og slik sett eit betre vern av mark, vegetasjon og vilt). Men også her ligg det eit konfliktpotensial mellom brukargrupper, sidan sjølve turopplevinga er sterkt knytt til stien: Det gjeld type og materialbruk på stien og stibanen, korleis stien er lagt i terrenget, om og korleis den er merkt, kor brei og tilpassa den er, korleis den passar inn i lokal brukshistorie mm. Men kanskje blir denne førestillinga om konflikt forsterka av ein norsk ‘puristisk’ tur-tradisjon som såg på tilrettelegging som unødvendig og ‘stygt’? Brukarundersøkingar tyder på dette ikkje er typisk norsk lenger, men snarare eit fenomen blant utlendingar.

Når frilufts- eller turistbruken når store volum så blir gjerne dette møtt med (meir) tilrettelegging. Det kan vere den gode løysing, fordi ein klarer å takle eit akutt problem. Her må ein også minne om erfaringar frå andre land:  tilrettelegging avlar ofte behov for endå meir tilrettelegging. Årsaka ser m.a. ut til å vere at heile brukarpopulasjonen endrar seg, når særpreget ved stien/lokaliteten blir sterk tilrettelegging og stor bruk. Ein slik spiral kan det vere behov for å bryte, avhengig av lokaliteten og av kva bruks- og forvaltningsmål som gjeld.

Presentasjonen vil også diskutere fenomenet ‘kunnskap om, forventningar til og evne til å takle stien’. Dette er særleg viktig i høve til auka reiselivssatsing og ønskje om å nå fram til stadig nye og fleire utlendingar. Korleis møter vi denne utfordringa gjennom marknadsføring og informasjon?

[x_button shape=»square» size=»mini» float=»none» href=»http://stikonferansen.no/wp-content/uploads/2019/04/Sti-som-kvalitet-sti-som-utfordring-Odd-Inge-Vistad-NINA.pdf» info=»none» info_place=»top» info_trigger=»hover»]Last ned presentasjon[/x_button]